Norsk Polarinstitutt | Ansatte | Ledige stillinger | Offentlig journal | Kontakt | English           




Miljøgifter – meir komplekse samanhengar enn vi trudde
Nivåa av ureining i ringsel frå Austersjøen er 10-15 gonger høgare enn i ringsel frå Svalbard. Ein ny doktorgradsstudie samanliknar miljøgifteffektar i ringsel frå desse to havområda.

Ringsel. Foto: C. Lydersen / Norsk Polarinstitutt

Selar lever høgt oppe i næringskjeda og tek såleis opp store mengder miljøgifter. Miljøgifter kan så omdannast til nedbrytingsprodukt av ulike kjemikaliar (metabolittar) som er helseskadelege for dyra. 

Heli Routti frå Norsk Polarinstitutt finn i avhandlinga si at giftige metabolittar blir danna i større grad hjå ringsel frå Austersjøen enn i ringsel frå Svalbard. Frå før er det kjent at sel på Svalbard lever i eit relativt lite forureina havområde, mens selen i Austersjøen lever i eit av dei mest ureina havområda i verda.

Miljøgiftene verka negativt inn på vitamin- og hormonsystema i sel frå Austersjøen, men dette vart ikkje påvist i ringsel frå Svalbard. Effektane av metabolittar på dyrehelse er i dag lite studerte. Routti sitt arbeid viser at metabolittar påverkar skjoldbruskkjertelhormon hos selane.

Frå feltarbeidet. Foto: Jukka Ikonen

Forholdet mellom nivå av miljøgifter, hormon og vitamin er meir samansett enn vi tidlegare har trudd. Hormon- og vitaminsystema hos selane reagerer svært ulikt på miljøgifter. Den årlege hårfellinga, som er ein periode utan matinntak, gjer forholdet mellom hormon, vitamin og miljøgifter vanskelegare. Effektane av ulike miljøgifter varierer også mellom nærskylde artar som lever i det same miljøet, for eksempel mellom ringsel og gråsel, fortel Routti.

Når ein vurderer verknader av miljøgifter på dyreliv, er det vanleg å samanlikna giftnivå og grenseverdiar for effektar frå eksperimentelle studiar. Men metoden tek ikkje nok omsyn til at artar har ulik kapasitet til å omdanna miljøgifter i kroppen, og at ikkje alle metabolittane som blir danna, er like giftige. Det er også spørsmål om giftkonsentrasjonane kan verka inn på hormon- og vitaminsystema, utan at forskarane i dag tek omsyn til heile kompleksiteten i desse systema.

Routti håper at resultata hennar kan bidra til å overvaka og vurdera helserisiko og effektar av miljøgifter i naturmiljøet.

Heli Routti.

For det fyrste bør metabolittar inkluderast i overvakings- og risikovurderingsprogram, fordi dei kan vera svært giftige. Vi må vidare erkjenna at hormon og vitamin kan ha ein samansett og svært variabel respons på ulike forureiningsstoff. Derfor anbefaler eg at når ein skal undersøkja, overvaka og vurdera risikoen for effektar av miljøgifter på sel, må ein ta hensyn til dyra si livshistorie, seier Routti.

Meir informasjon: Biotransformation and endocrine disruptive effects of contaminants in ringed seals - implications for monitoring and risk assessment

Artikkelen er også publisert i forskning.no

Ingressfoto: B. Frantzen / Norsk Polarinstitutt

 

Teksten over er oversatt fra bokmål til nynorsk av Ivar Stokkeland / Norsk Polarinstitutt

Publisert: 18.12.2009
Sist endret: 29.12.2009
Skrevet av: Jenssen, Elin Vinje


 

Omtaler



Norsk Polarinstitutt i media
Norsk Polarinstitutt
Polarmiljøsenteret
9296 Tromsø
Tlf. +47 77 75 05 00 | Faks +47 77 75 05 01 | Kommunikasjonsdirektør: Gunn Sissel Jaklin | Nettredaktører: Marte Lundberg og Inger Lise Næss