Norsk Polarinstitutt | Ansatte | Ledige stillinger | Offentlig journal | Kontakt | English           




Rapporten Melting snow and ice presentert på klimamøtet i København
Tidlegare visepresident i USA, Al Gore, og utanriksminister Jonas Gahr Støre presenterte i dag ein global rapport om issmelting på eit arrangement under FNs klimatoppmøte i København (COP 15). Norsk Polarinstitutt med sitt senter for is, klima og økosystem (ICE) har leia arbeidet og gjeve ut issmeltingsrapporten.

Tidlegare visepresident Al Gore og utanriksminister Jonas Gahr Støre gav Norsk Polarinstitutt oppdraget med å laga issmeltingsrapporten "Melting snow and ice: a call for action" då dei saman leia konferansen Melting ice: regional dramas, global wake-up call i Tromsø 28. april i år. Polarinstituttet fekk hjelp frå fleire verdsleiande forskarar innan fagfeltet i arbeidet med rapporten.

Den danske utanriksministeren Per Stig Møller og Kuupik Kleist, Grønlands regjeringsformann, deltok også på arrangementet i dag. Dei presenterte ein rapport om smeltinga av isdekket på Grønland.

 

Du kan laste ned rapporten "Melting snow and ice" fra vårt publikasjonsarkiv Brage. 

Sjå også Utanriksdepartementet sine nettsider for meir informasjon.  
 
Les meir om rapporten i media:
http://www.aftenposten.no/klima/article3422276.ece
http://www.vg.no/nyheter/utenriks/klimatrusselen/artikkel.php?artid=599104
http://www.bt.no/nyheter/klima/--Havet-kan-stige-to-meter-983638.html
http://www.aftenposten.no/klima/article3421441.ece
http://www.nordlys.no/nyheter/article4756814.ece
 
Relatert sak:
Slik fungerer systemet med klimakvoter

Publisert: 14.12.2009
Sist endret: 15.12.2009



 

Vedlegg

Omtaler



Norsk Polarinstitutt i media
Norsk Polarinstitutt
Polarmiljøsenteret
9296 Tromsø
Tlf. +47 77 75 05 00 | Faks +47 77 75 05 01 | Kommunikasjonsdirektør: Gunn Sissel Jaklin | Nettredaktører: Marte Lundberg og Inger Lise Næss