|
Den norske feltstasjonen Troll blei bygd under den norske Antarktis-ekspedisjonen 1989-90. Han ligg 1270 m.o.h. i posisjonen 72° 01' S, 2° 32' A i Jutulsessen, 235 km frå kysten. Han er lokalisert i eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis. I juni 2003 vedtok Miljøverndepartementet ved minister Børge Brende at Troll-stasjonen skulle byggjast ut og bli bemanna heile året. Heilårsstasjonen blei opna i februar 2005 av H.M. Dronning Sonja. Stasjonen kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange fleire om sommaren. Troll er blitt ein meteorologisk stasjon, ein strålingsstasjon for måling av UV-stråling m.m., og ein feltstasjon for glasiologiske, biologiske og fysiske feltprogram. Sjå denne lenken for ei ekstern nettside om Troll: www.hustadnes.net
Foto: Stein Tronstad/Norsk Polarinstitutt
|